Korleis søkja støtte til arrangement som fagutval

Her er ei side som inneheld tips, råd og vegleiing når det gjeld spørsmål om korleis du som fagutval kan søkja om støtte til arrangementa dine.

I: Arrangementet må vera opent for alle. Skal du søkja om støtte til eit arrangement, må det vera opent for alle på matnat. 

II: Ingen alkohol. Vi kan sponse med til dømes pynt eller mat til ein fest, men vi kan ikkje sponse alkohol eller noko som kan koplast til alkohol. Til dømes kan vi ikkje sponse bongar på ein uteplass ettersom det kan nyttast til alkohol.

III: Det må bli vedtatt i eit RU-møte. Visst du søkjar om støtte er det ikkje nødvendigvis garantert at du får det. Det må verte godtatt via eit RU-møte der eit vedtaksdyktig RU er med på å stemme om dei godkjenner det eller ei. Som oftast er det per årets start satt av ein viss mengd penger til arrangement for heile året, men denne summen kan variera etter RU-styrets budsjett. 

IV: Ta vare på alle kvitteringar. Alle kvitteringar, fysisk som elektronisk, må bli tatt vare på. Fakultetet godtar berre originalkvitteringen som eit bevis på den gjennomførde handelen. Det er og viktig at du gjer kvitteringa(ne) til den økonomisk ansvarlege i RU så snart som mogleg slik at pengane kjem kjappast mogleg tilbake. Det er då éin frist å tenkja på her. Innan den 05.01 kvart år må pengar som skal brukast vera brukt. Altså, visst dykk har eit arrangement på slutten av året må kvitteringa vera levert til RU seinast ein veke før den datoen. Aller helst må den leverast i veka før jul, eller så snart som mogleg etter avtale. Alternativt kan du sende fakturaen direkte, men dette MÅ bli godtatt på førehand

Visst du har fått godkjend på førehand at RU skal få rekninga direkte, kontaktar du RU-styret for å få informasjon om korleis dette gjennomførast. 

Så det er litt å tenkja på når skal søka arrangement, men ikkje ver redd. Vi er alltid villig til å støtte. Skulle søknaden mot formodning ikkje treffe heilt første gongen, vil vi hjelpe med å fikse på søknaden slik at den treffer. Du kan og få djupare informasjon om kjøpsbetingingar ved å kontakte RU-styret direkte. I all hovudsak søttar vi fagutval og ikkje eksterne gruppar.

Lukka til med arrangement dykk skal arrangera. RU har lyst til å støtte sosiale samankomstar og vi gler oss alltid til å kunne hjelpe der vi kan med slikt

Visst det er meir du lurar på, ikkje vêr redd med å ta kontakt med RU.