Vil DU vere med og lage studentlokale på MatNat?

Vi skal få oss eit studentlokale ved MatNat i løpet av våren!

Det blir eit lokale der studentar frå heile fakultetet kan møtast, fagutvalg og linjeforeningar kan ha arrangement og kanskje eit litt anna rom å studere i på dagtid?
For å få dette på plass skal vi setje ned ei gruppe som skal få dette på plass. Dei skal planlegge, og får ikkje minst bestemme korleis det skal sjå ut, møblerast og pyntast.

Er du interessert i å vere med på dette?
Send e-post til ru-intern@uib.no med kort om deg sjølv (namn, alder, studie) og eit par setningar om kvifor du vil vere med på dette og ev. korleis du har lyst studentlokalet skal vere.

Ta kontakt dersom du har spørsmål.

OBS. KORT søknadsfrist: søndag 2. februar

Illustrasjonsfoto: frå Ad Fontes på HF-fakultetet (flickr.com/hsu_uib)

Illustrasjonsfoto: frå Ad fontes ved det Humanistiske fakultetet (flickr.com/hsu_uib)

Sjå detaljar om lokalet under (Read more):

Om lokalet:
– I etasje 1, Realfagbygget
– ca. 180 kvadratmeter til saman
– Dvs. plass til inntil 128 personar iht. branntryggleik (ikkje endeleg bekrefta tal)
– Fakultetet jobbar med ombygginga og skal få det til ila. våren 2014.
– Det er eit midlertidig lokale. Det betyr likevel fleire år, fram til større ombyggingar i Realfagbygget gjer det aktuelt å få eit endå betre lokale.
– Inngongar vert innanfrå Realfagbygget. Ingen eigen inngong til lokalet utanfrå bygget.

Sjå også saklista til møte i Realistutvalget 23/1 der det står fleire tips til studentlokale.

Leave a Reply

Your email address will not be published.